Foredrag: Makt, rett og kristendom
Mandag, 08. April 2024, 19:00 - 20:30
Treff : 23
av Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Kristenretten på Moster frå 1024 er byrjnga på ein prosess som vert avslutta med Landslova av 1274. For med kristenretten på Moster vart det tatt eit viktig steg bort frå eit vikingsamfunn til eit gryande statssamfunn, som fekk si form med Landslova. Det vil seia at ein gjekk frå eit samfunn det makt gav rett, til at makt skulle brukast til å hjelpa den makteslause. Sankt Olavs lov og rett var delvis ein realitet og delvis mytologi, og vart sjølve symbolet på den nye relasjonen mellom innbyggjarane og det nye samfunnet.

Fri inngang.
Sted: Røros menighetshus

Foredraget er en del av Nidaros bispedømmeråds program i Nasjonaljubileet 2030.
Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) tok doktorgraden ved Det juridiske fakultet i Bergen i 2007, vart same året professor i rettshistorie der. Han var 2002-2020 forskar ved museet Baroniet Rosendal, var mellom 2008 og 2010 professor 2 ved Mellomaldersenteret i Bergen, har sidan 2019 òg vore forskar ved Nasjonalbiblioteket, og vart same året tilsett som professor ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har publisert sju bøker, redigert ytterlegare 13 bøker, publisert 83 fagfellevurderte artiklar og bokkapittel, har tre gonger fått førelesarprisen ved Det juridiske fakultet, fekk i 2012 Meltzerprisen for framifrå forskingsformidling, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen ved Universitetet i Gent for framifrå rettshistorisk forsking
Sted Menighetshuset
Informasjonskapsler (cookies)

Denne nettsiden bruker informasjonskapsler (cookies) for å kunne gi deg en god leseopplevelse.